Anne og Rune tek styringa i Nissedal næringslag

Anne Tveit og Rune Johansen er duoen som saman skal leie næringslaget det komande året. Tilliten fekk dei på styremøtet i Nissedal næringslag måndag kveld.

Anne Tveit er den fyrste kvinna som har leiarvervet i eit næringslag som har ei klar overvekt av godt vaksne karar. Drivaren og eigaren av Fru Tveit AS har lang røynsle frå styrearbeidet i Nissedal næringslag, og er særleg oppteken av sentrumsutvikling og etablering av fleire serveringsstader i kommunen.

 

Nestleiar Rune Johansen har også vore aktiv i næringslaget gjennom fleire år, og er no klar for eit nytt år i tett samarbeid med Anne og resten av styret. For Rune gjeng det meste av dagen og livet no med til arbeid for Hitec Products og Pointbreak. Altså har næringslaget no fått ein leiarduo med rik røynsle frå handel og nyskapande teknologi.

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?