Informasjon frå flyktningstenesta

Nå er det sikkert mange som er spente på kva som skjer med tanke på mottak av flyktningar frå Ukraina.
Det er mykje som er uklart enda, men eg deler gjerne informasjonen eg sit på så langt.
Oppmoding
Vi har fått eit oppmodingsbrev frå Integrerings- og mangfoldsdirektoratet (IMDi) om å busette 30 personar frå Ukraina.
Det er stort sett kvinner, barn og eldre som flykter. Mennene blir att i landet for å kjempe. Statsforvaltar antyder ein ratio på to barn per kvinne, så vi kan rekne med om lag 20 barn og 10 vaksne.
Kommunestyret handsamar denne saka 31.03. Så raskt saka er avklart vil vi svare IMDi.
Formannskapet har gitt administrasjonen fullmakt til å gå i gang med førebuingar på busetting før endeleg vedtak i kommunestyret ligg føre.
Inntil vedtaket frå kommunestyret ligg føre, og kommunen offisielt har svart på oppmodinga om mottak av flyktningar veit vi ikkje meir om kven som kjem eller når dei kjem.
Organisering
Underteikna har overordna ansvar for mottak av flyktningar til kommunen. Flyktningkoordinator vil ha meg som næraste overordna.
Elles vil andre tilsette i flyktningapparatet ha avdelingsleiarane i sine respektive avdelingar som næraste overordna.
Utlysing
Det er lyst ut etter flyktningkoordinator/programrådgjevar, lærar på vaksenopplæringa og miljøarbeidarar (gjerne ukrainsk- eller russisktalande) i barnehage og skule. Fristen er allereie 3. april. Kjenner du nokon som kan vere aktuelle for stillingane? Be dei om å søke! Er du interessert i ein av stillingane? Søk!
Når vi veit meir om samansetting av familiar, alder, osv. vil vi lyse ut etter pedagogar til barnehage og skule og eventuelle andre som det blir behov for. Ta gjerne kontakt med innspel til dette.
Husvære
Katarina på teknisk og eg er i gang med å kartlegge kapasiteten vi har sjølv (kommunale bustadar, særleg flyktningbustadar) og å innhente tilbod frå private utleigarar. Det er stort engasjement i kommunen kring dette, og mange har teke kontakt. Vi har etter kvart fått inn fleire moglege mellombelse bustadar som vi kan nytte inntil vidare.
Samarbeid med det frivillige apparatet:
Røde kors og Frivillighetssentralen tok tidleg kontakt med oss om eit samarbeid. Vi er heldige som har så mange engasjerte menneskje kring oss. Dei ønskjer å bidra på så mange fine måte, og vi ser for oss eit godt samarbeid framover. Dette er eit punkt vi la vekt på i evalueringa av førre busettingsperiode som blei utarbeidd i fjor.
Økonomi for flyktningane
Nav syter for «kronekort» som dei kan nytte heilt i starten, inntil bankkonto og bankkort er i orden. Når dei startar på introduksjonsprogram vil dei få introduksjonsstønad frå kommunen, etter gjeldande satsar.
Ressursgruppe
Det er oppretta ei kommunal ressursgruppe for flyktningarbeidet. Vi hadde første møte i går. Gruppa skal syte for godt samarbeid på tvers av einingane og fagfelt, slik at tilbodet til flyktningane blir så samordna som mogleg. Gruppa består av representantar frå helse, oppvekst, teknisk, fellestenesta og Nav. Til neste møte vil vi invitere ein representant frå det frivillige.
Informasjonsflyt
Statsforvaltar, UDI, IMDi og regjeringa er gode på å få ut informasjon til kommunane, og vi får delta på informasjonsmøte og webinar fleire gonger i veka. Dette gir oss god innsikt og informasjon som blir viktig i tida framover. Dersom du er interessert i å lese meir informasjon om prosessen vi står i og arbeidet med flyktningar nasjonalt kan du lese meir her: https://www.imdi.no/ukraina/ Lenke til et annet nettsted.
Til slutt
Vi nyttar evalueringa etter førre busettingsperiode aktivt. Evalueringa sa noko om kva som var bra sist runde, som vi ønskjer å halde fram med og forsterke. Den sa også noko om det som kunne vært betre, som vi må gjere annleis og betre denne runda.
Så er det berre å glede seg til å møte dei nye innbyggarane våre, og ta dei imot med varme og glede! Hugs at eit «hei» og eit smil kan bety så mykje.
Visjonen vår «Nissedal- der gode liv levast» gjeld for alle!
Nøl ikkje med å ta kontakt dersom du har spørsmål. Eg skal prøve å svare så godt eg kan, eller lose deg vidare til nokon som kan svare betre enn meg.
Har du innspel til oss, uansett kva det gjeld, set eg også stor pris på om du deler det med meg.
Beste helsing,
Reidun Carol Retterholt
Einingsleiar oppvekst og kultur
Relatert informasjon
Relaterte artiklar
- Nye innbyggjarar
- Vaksenopplæring
- Nye innbyggarar til Nissedal
- Ny familie frå Ukraina
- Integrering
- Programme d’insertion pour les réfugiés nouvellement arrivés
- Opplæring for beboere i asylmottak
- Opplæring i norsk og samfunnskunnskap for utlendinger
- Introduksjonsprogram for innvandrere
- Introduksjonsprogram for innvandrarar
- Introduction Program for Immigrants
- Norwegian Language and Social Studies Training for Foreigners
- Education for Residents in Asylum Reception Centers
- Programrådgjevar introduksjonsprogram og integreringskoordinator
- البرنامج التعريفي للاجئين القادمين حديثاً
- تدريس اللغة النرويجية وثقافة المجتمع للأجانب
- تعليم السكان في مركز استقبال اللاجئين
- Интеграционная программа для вновь прибывших беженцев
- Курсы обучения для лиц, проживающих в центре приема беженцев
- Обучение норвежскому языку и обществоведению для иммигрантов
- Dárogiela ja servodatoahpu oahpahus olgoriikkalaččaide
- Cours de norvégien et connaissance de la société pour les étrangers
- Formation destinée aux demandeurs d’asile en centre d’accueil
- Opplæring for bebuarar i asylmottak
- Opplæring i norsk og samfunnskunnskap for utlendingar
- Oahpásmahttinprográmma aitto boahtán báhtareddjiide
- İlticacılar yurdunda ikamet edenlere yönelik eğitim
- Yeni gelen mülteciler için tanıtım programı
- Einingsleiar oppvekst og kultur
Sist oppdatert
NISSEDAL KOMMUNE