Status - Flyktning

Nå er det offisielt vedteke av kommunestyret at Nissedal kommune skal busette 30 flyktningar frå Ukraina.
Vi har svart IMDi på oppmodinga, og må nå berre vente på at dei har flyktningar registrerte og klare for å kome til oss.
Vi treng sjølvsagt litt lenger tid til å få tilsett i stillingane som er utlyste. Søknadsfristen er til søndag, og vi har første tilsettingsmøte allereie tysdag 5. april.
Når vi får forespørsel frå IMDi på konkrete personer, kan vi gå i dialog om busettingstidspunkt, slik at vi har husvære og personell på plass.
Beste helsing,
Reidun Carol Retterholt
Einingsleiar oppvekst og kultur
Sist oppdatert