Du er perfekt

1. juni heiser ordførar Halvor Homme og leiar av ungdomsrådet Julianne Homme, inkluderingsflagget på kommunens flaggstenger; på kommunehuset, på Tveit skule og på Kyrkjebygda oppvekstsenter.
I samband med at det kan vere vanskeleg å føle seg anleis, utanfor eller ulik andre, har det blitt laga ein film med eit viktig bodskap:Du er perfekt, slik du er.Det er mange grunnar til å føle seg anleis og utanfor, det kan vere seksuell legning, men og andre ytre eller indre ting.Vi vil sei med denne filmen, at det perfekte er, at du er som du er, og at eit samfunn treng alle menneske.Vi er ulike, og det er bra!Adrian Øksholt har laga filmen saman med assistent og lærar Per Trygve Fossli Løyte, etter ide frå kultursjefen.Musikken til filmen, har Rune Sanden laga.
Sist oppdatert