Utlysing av pott til fellestiltak

Har du ein god idé til eit prosjekt som vil styrke tilbod knytt til friluftsliv og folkehelse i Nissedal? Søk no - og seinast 1. mars!
Nissedal kommune vil også i år bruke kr 500 000 av eigedomsskatten til fellestiltak. Kr 170 000 er sett av til laurdagsope bibliotek/ basseng. Kr 330 000 blir fordela av formannskapet 16. mars.
Dette er retningslinene for potten:
- Tiltaka det søkas om midlar til skal treffe eit breitt publikum.
- Tiltak som fremjar folkehelse vil bli prioritert.
- Løyvingane skal primært nyttast til utviklingstiltak, til dømes turløyper.
- Det er eit krav om budsjett til prosjektet det søkast på. Rekneskap/dokumentasjon på utgifter skal sendast kommunen i etterkant.
- Ved større løyvingar vert det forventa innskoten eigenkapital.
- Midlane kan nyttast til publikumstiltak i kommunal regi.
- Formannskapet deler ut midlane. Formannskapet står elles fritt til å disponere andre tiltak.
- Vedtaka kan ikkje påklagast.
Merk søknaden «Fellestiltak» og send innan 01.03.2023 til:
Nissedal kommune
Treungvegen 398
3855 Treungen
postmottak@nissedal.kommune.no
Sist oppdatert