Vaksinering mot influensa og korona

Det blir vaksinering mot influensa og korona på legekontoret måndag 23. og tysdag 24. oktober. 

Måndag 23. oktober 2023

  • Kl. 08.30-11.30
  • Kl. 13.00-14.30

Tysdag 24. oktober 2023

  • Kl. 14.00-17.30

Ring legekontoret for bestilling av time på telefon 35 04 84 20.

 Pris

  • Influensavaksine: kr 200 for alle i tillegg til eigenandel på kr 61 for dei som ikkje har frikort. Gratis for helsepersonell med pasientkontakt. 
  • Koronavaksine: Gratis 

 Betaling 

Du kan betale med kort. 

Målgrupper:

  • Alle frå 65 år og oppover
  • Gravide etter 12 svangerskapsveke. Gravide i 1. trimester med anna tilleggsrisiko kan og få tilbod om vaksine
  • Prematurt fødde born, særleg born fødd før veke 32, frå 6 månader til 5 år
  • Born og vaksne med:
    • Diabetes type 1 og 2
    • Leversvikt eller nyresvikt
    • Kronisk lungesjukdom
    • Hjerte og karsjukdom
    • Kronisk nevrologisk sjukdom eller skade
    • Nedsatt immunforsvar som følge av sjukdom eller behandling av sjukdom
    • Svært alvorleg fedme (KMI over 40)
    • Anna alvorleg og/eller kronisk sjukdom der influensa utgjer ein alvorleg helserisiko etter vurdering av lege

 

 Pneumokokkvaksinering – Vaksina bør tas kvart 6. år og er anbefalt alle frå 65 år eller etter anbefaling frå lege. Ta kontakt med fastlege for bestilling. 

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?