Opning av dagaktivitetstilbodet "Mimrestoga"

Torsdag 18.04. er det klart for opning av dagaktivitetstilbodet for heimebuande med ei demensdiagnose. 

I fyrste omgang vil tilbodet vere ope to dagar i veka. Måndag og torsdag frå kl. 09.00 til 15.00. 

Stad: Fellesstoga ved dei nye omsorgsbustadane

Tilbodet er gratis, men ein må betale eigenandel for måltid (frokost, mellommåltid og middag). 

Tilbodet krev at du har eit vedtak. Søknad om dagtilbod sendast til tenestekontoret (sjå skjema lenger ned på sida). 

Brukarar blir henta heime og kjørt heim att. 

Kven kan søke: 

  • Heimebuande med demensdiagnose
  • Har nytte av sosiale, kognitive og fysisk stimulerande aktivitetar

Målet med dagtilbodet: 

  • Bidra at brukar kan bu heime lengst mogleg
  • Bidra til ein trygg kvardag
  • Bidra til eigenmestring, trivsel og trening/aktivisering
  • Avlasting for pårørande

Velkomen!

Helsing Lena Haugsjå og Randi Vik 

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?