Vatningsrestriksjonar

Grunna stort vassforbruk innfører Nissedal kommune vatningsrestriksjonar frå 21.05.2024.
Alle innbyggarar tilknytt kommunalt vatn omfattast av restriksjonane.
- Innbyggarar med etternamn frå A-L kan vatne ein time mellom 18.00 til 23.00 på måndag, onsdag og fredag.
- Innbyggarar med etternamn frå M-Å kan vatne ein time mellom 18.00 til 23.00 på tysdag, torsdag og laurdag.
Det er ikkje tillate å vatne med spreiar eller svetteslange, berre handheldt slange.
Me er takksame for at dykk viser omsyn og er lei for ulempa dette medfører dykk som abonnentar.
Helsing teknisk drift.
Sist oppdatert