Sjøsetting av Fjoneferja - 29.05.24

Fjoneferja er nå klar for ein ny driftssesong frå og med 1. juni 2024.
Ferja blei heisa på vatnet onsdag med mobilkran.
I vinter og vår er det utført omfattande service og mekanisk rehabilitering av ferja, mellom anna:
- Heile ferja er sandblåst og måla
- Motor har fått oppgradera:
- kjøle- og hydraulikksystem
- nye glødepluggar mm.
- Gear-/propellhus har fått nye feste mm.
- Køyrelemmar er sveisa opp, sandblåst og måla
- Køyrerebrygger er sandblåst og måla
- Ny dieseltank
- Redningsflåtane er sjekka og sertifisera på nytt
Det er fleire som har stått på for å gjere ferja klar til årets sesong. Eining for teknisk drift har sveisa køyrelemmar, rydda området og klargjort til sesong.
Elles er arbeidet utført av:
- Solberg AS - sandblåsing og måling
- Anita Perry - måling
- Olstad maskin AS - service/rehab. av det mekaniske og hydrauliske
- Kranringen AS - mobilkran
Budsjettet på kr 500 000,- + mva er overholdt.
Dei nye drivarane av Fjoneferja og kafeen, Åshild og Halvard Sollid, opplyser at kafeen opnar 21.06.24 kl. 12.00.
Sist oppdatert