Kommunal planstrategi 2024-2027 - Offentleg ettersyn

Formannskapet vedtok 20.06.2024 i sak 46/24 å leggje Kommunal planstrategi for Nissedal kommune 2024-2027 ut på offentleg ettersyn.
Etter plan og bygningslova § 10-1 skal kommunestyret minst ein gong kvar valperiode, og seinast innan eit år etter konstituering, utarbeide og vedta kommunal planstrategi.
Kommunal planstrategi er ei oversikt over planbehov i kommunestyreperioden. Planstrategien skal vurdere planbehovet i perioden, fyrst og fremst behov for rullering av kommuneplanens samfunnsdel og arealdel. Planstrategien for Nissedal kommune viser i tillegg behovet for andre overordna lovpålagte planer, og når ein tenkjer å gjennomføre arbeidet. Planstrategien byggjer på kommuneplanens samfunnsdel og kunnskapsgrunnlaget til den.
- Kommuneplanens samfunnsdel vart vedtatt 12.11.2020, det leggast ikkje opp til rullering av den.
- Kommuneplanens arealdel er planlagt å ha mindre revideringar.
Frist for innspel til planstrategien: 01.08.2024
Innspela kan sendast på e-post til postmottak@nissedal.kommune.no eller til Nissedal kommune, Treungvegen 398, 3855 Treungen.
Vedtak i formannskapsak 046/24 Pdf, 135 kB, åpnes i nytt vindu.
Forslag til kommunal planstrategi 2024-2027 Pdf, 765 kB, åpnes i nytt vindu.
Sist oppdatert