Alkovett på dagsorden

Nissedal kommune set alkovett på dagsorden: – Ein tryggare, sunnare og meir bevisst kommune
Torsdag 21. november signerte Nissedal kommune og Av-og-til samarbeidsavtale.
Nissedal kommune forpliktar seg dermed til å jobbe aktivt for å redusere dei negative konsekvensane av alkohol i samfunnet.
Marte Sletten frå Av-og-til var på besøk i Nissedal i forbindelse med markeringa:
Det er veldig flott at vi har fått Nissedal med på laget, det betyr mykje. Kommunen møter folk der dei bur, og ved å forene krefter får vi til meir. Vi ser frem til mykje godt førebyggingsarbeid saman med Nissedal, seier Sletten.
Ordførar Ian Parry-Jones signerte samarbeidsavtala på vegne av Nissedal kommune. Han ser fram til samarbeidet:
Dette er ein viktig milepæl i det førebyggande helsearbeidet vi gjer her i kommunen. Å samarbeide med Av-og-til om alkohol er eit steg i riktig retning av ein enda tryggare, sunnare og meir bevisst kommune, seier Parry-Jones.
Han legg til at alkoholførebygging har ein naturleg plass i det lokale folkehelsearbeidet og kommunens arbeid med å sikre gode oppvekstmiljø.
Nissedal er dermed ein av 66 kommunar som jobbar samen med Av-og-til for å førebygge og redusere skadeleg alkoholbruk, og gjere kvardagen tryggare for alle som bur i kommunen.
Saman for godt alkovett
Alkovett er spesielt viktig på nokon område, og satsingsområda til Av-og-til i perioden 2021-2025 er folkehelse, barn og unge, idrett, båt og ungdom.
Av-og-til-koordinator i Nissedal, Kristin Parkinson Vågen, ser fram til eit godt og nært samarbeid med organisasjonen.
Vi skal sette alkovett høgare på agendaen i Nissedal med ulike tiltak lokalt, og delta i nasjonale informasjonskampanjar om alkohol, og vi gleder oss til mykje godt førebyggingsarbeid saman med Av-og-til, fortel Vågen.
Framover vil kommunen og Av-og-til jobbe saman for godt alkovett i situasjonar der alkohol utgjer ein risiko, eller kan være til ulempe for ein sjølv og andre.
Målretta og tilpassa førebygging i kommunen er veldig viktig. Vi vil rett og slett oppfordre folk til å bruke alkovett i kvardagen. Det handler om å tenke over korleis alkohol kan påvirke oss og menneskene vi har rundt oss, avslutter Sletten.
Fakta om Av-og-til
- Jobbar med haldningsskapande arbeid for godt alkovett i samfunnet.
- Arbeidet er retta mot situasjonar der alkohol utgjer en særleg risiko eller kan være til ulempe for andre.
- Bak Av-og-til står politiske parti, faglege- og frivillige organisasjonar.
Les meir om Av-og-til her: www.avogtil.no Lenke til et annet nettsted.
Kontakt Av-og-til:
Marte Sletten, Av-og-til, ansvarleg for kommunesamarbeidet til Av-og-til
Mobil: 950 81 909
E-post: marte@avogtil.no
Kristin Parkinson Vågen, Av-og-til-koordinator i Nissedal kommune
Mobil: 409 20 832
E-post: kristin.vagen@nissedal.kommune.no
Sist oppdatert