Innspel til oppvekstplan

Nissedal kommune er i gang med å utarbeide ein lokal oppvekstplan. I dette arbeidet skal vi definere kvalitet i tenestene våre for barn og unge. Men kva er eigentleg kvalitet? Og kva meiner dei rundt oss er god kvalitet? Vi veit at kvalitet i tenestene er viktig for barn og unge si meistring og livskvalitet, så dette er svært viktig for oss!

Vi inviterer derfor alle barn, unge, foreldre, innbyggarar, politikarar og 

tilsette til å svare på ei stor undersøking om kvalitet. Det er mange spørsmål, men du treng berre svare på dei du ønskjer. Det er berre spørsmål 1 som er obligatorisk.  

Sjølv om spørsmåla kan vere litt vanskelege å forstå for dei yngre barna, vel vi likevel å opne for at også dei kan svare. Kanskje dei barna som vil svare kan få hjelp til å forstå spørsmåla av ein vaksen. 

Undersøkinga er utarbeida av ei breitt samansett arbeidsgruppe, og denne gruppa skal analysere svara. Gruppa består av politikarar og tilsette innan einingane velferd, og oppvekst og kultur. 

Vi håper mange vil delta i undersøkinga, slik at vår oppvekstplan blir basert på reelle ønskje og behov frå dykk. 

Undersøkinga er 100% anonym! 

Svarfrist er 01.01.25. 

Undersøkinga finn du her: https://forms.office.com/Pages/ResponsePage.aspx?id=yb6LEi_XnEulaKuFzEN6OMpSuOI0DE1AjNd4IYBpFDxUNVpFRFhVUDgwWU5ETVBKTEFEMTZFODNPOC4u Lenke til et annet nettsted.

Eller her: 

QR kode


 

 

 

 

 

 

 

 

 


Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?