Målgruppe:
Landbruksføretak

Vilkår:
Avløysaren må vere minst 15 år og kan ikkje ha inntekt frå gardsbruket eller vere ektemake/sambuar til ein som har inntekt frå gardsbruket. 

Føretaket driv vanleg jordbruksproduksjon, er registrert i Einingsregisteret og kan levere årsoppgåve som landbruksføretak.

Lovar og retningsliner
Fullstendige reglar og rettleiing finn du på landbruksdirektoratet sine sider.

Sjå og jordlova §§ 3 og 18.

Jordlova
Forskrift om produksjonstilskudd i jordbruket
Forskrift om tilskot til avløysing ved sjukdom mv.

Søknadsprosessen


Rettleiing
Du søkjer ved å logge deg inn på Altinn og sender søknaden derifrå. Tilskotet blir automatisk utrekna, basert på opplysingane i saka. Du kan også hente opp rettleiing og forklaringar inne i systemet dersom det trengst. Når kommunen har behandla søknaden blir svaret og vedtaket sendt til deg via Altinn. 

Slik gjer du:

  • Gå til sida www.altinn.no på internett
  • Søk opp skjemaet Tilskudd til avløysing ved sjukdom og fødsel mv.
  • Logg deg inn med MINID, BANKID eller liknande
  • Vel landbruksforetaket ditt som «Aktør»
  • Søk opp og vel ordninga «Tilskudd til avløysing av jordbrukarar ved sjukdom, fødsel m.v»
  • Legg inn informasjon om sjukemeldingsperiode, utgifter til avløysar osv.
  • Last opp nødvendige vedlegg.

 
Dersom du ikkje kan bruke internett
 Du kan gi avløysarlaget eller andre rett til å fylle ut søknadsskjemaet for deg. Det blir også ordna inne på www.altinn.no. Snakk med dei fyrst dersom det er aktuelt.
 Papirskjemaet vil framleis eksistere ei stund til.
 I ein overgangsperiode vil dei gamle papirskjema eksistere ei stund framover. Etter kvart blir søknadsordninga fullelektronisk for landbruksføretak.

Søknadsfrist
Fristen for å søkje om tilskot til avløysing ved ferie og fritid er 15. oktober.

I søknadsskjemaet fører du opp dei utgiftene du har hatt til avløysing ved ferie og fritid inneverande år. Dersom du har hatt lågare utgifter enn det som er planlagt å vere det maksimale avløysartilskotet ditt, kan du etterregistrere utgiftene du hadde mellom 16. oktober og 31. desember. Fristen for etterregistrering er 10. januar.

Høve til å klage
Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du tok imot det. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Dersom du treng rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Står kommunen fast på avgjerda, blir saka send vidare til Fylkesmannen, som avgjer om klagen skal bli teken til følgje.