På torsdag har vi ope frå kl. 16.30 - 20.30 (det er ledig tid)
På laurdag kan du bade frå kl. 10.00 - 16.00 (det er ledig tid for 1 fam.kl 10-11, 2 fam kl. 11-12 og 2 fam kl 15-16).
Alle som vil nytte seg av symjebassenget, må følgje retningslinene:
- Hugs god hand-og hostehygiene
- Du kan berre nytte bassenget om du er symptomfri og heilt frisk
- Hugs ein meters avstand
- Det er forbode å bade i tøy som er av bomull, då dette set ned effektiviteten på klor, som igjen sikrar vatnkvaliteten.
- Symjehallen har makstal på 14 personar per time.
Ein kan ikkje oppholde seg i fleirbrukshuset før eller etter aktivitet, då det er viktig at det ikkje blir for mange i foajén av gongen.
Det er viktig å følgje retningsliner nøye.
Du kan bestille tid i bassenget på telefon 904 79 426.
Familiebading er for 2 kohortar av gongen og badetid på 1 time.
Kvar kohort/familie får ein garderobe kvar, og kvar kohort må dusje saman uavhengig av kjønn.
Det kan berre vere 2 kohortar av gongen i bassenget, maks 7 personar i kvar garderobe.
Alle må helst vere med i bassenget, det er så langt det er mogleg, ikkje høve til å sitte på land.
Hugs ein meters avstand frå personar som ikkje er i same kohort.
Pris
- Kr 20 per born for ein time
- Kr 40 per vaksen for ein time
- Klyppekort:
- Kr 180 for 10 klypp born
- Kr 360 for 10 klypp vaksen
Vi ynskjer dykk hjarteleg velkommen!