Tenesteomtale
Skatteetaten er den som krev inn skatt frå privatpersonar og næringsdrivande. Dette er ei oppgåve som kommunen har pleitt å ha.
Det betyr at du kan kontakte Skatteetaten for spørsmål om
-
Restskatt – dersom du betalte for liten skatt i fjor og må betale pengar tilbake.
-
Skattepengar til gode – dersom du har betalt for mykje pengar i skatt og skal få tilbake pengar.
-
Konto/saldoutskrift for skatt og avgift – oversikt over kva du skulder eller har til gode.
-
Klage på skatteutrekninga – for eksempel feil forskotstrekk eller tilleggsforskot.
Er du næringsdrivande kan du kontakte Skatteetaten for spørsmål om
-
Tilleggsforskot
-
Forskotstrekk
-
Arbeidsgivaravgift
-
Motrekning og utleggstrekk knytte til skattekrav
-
Skatteattestar
-
Konto/saldoutskrift for skatt og avgift
Ønskjer du kontakt med skatteoppkrevjaren din?
Det er ulike måtar å kome i kontakt med Skatteetaten på. Du kan sende inn skjema elektronisk, chatte med dei eller ringe. Informasjon om dette finner du på
skatteetaten.no./kontakt.
Vêr klar over at dersom du ønskjer å møte opp på eit skattekontor og snakke med somme, må du bestille time på førehand.
Det er ikkje mogeleg å sende e-post til Skatteetaten. Dersom du ønskjer å sende eit skriftleg spørsmål må du
logge inn via Altinn.
Vil du sende inn skjema eller brev skriftleg?
Postadressa er: Skatteetaten, Postboks 9200 GRØNLAND, 0134 OSLO
Eigedomsskatt
Det vil framleis vere kommunen som krev inn eigedomsskatt. Dersom du treng å søkje om betalingsutsetjing eller nedsetjing, eller du ønskjer å klage eller krevje ny takst, kan du kontakte kemneren i kommunen din.
Kommunale avgifter
Det vil framleis vere kommunen som krev inn avgifter for kommunale tenester som
-
Vann - drikkevatn og vassforsyning
-
Avløp - tilgang til avløpssystemet
-
Avfall - tømming av søppel
-
Feiing - feiing og brannvern.
Avgiftene gjeld for alle som eig ein bustad eller fritidsbustad i kommunen.
aaa