Øvinga gjeng ut på å brenne ned bygningen som står på Fjonevegen 3.

Me ber dykk i nabolaget om å stenge dører, vindauge og lufteventilar, då øvinga fører til røykutvikling.

Som følgje av sløkkingsarbeidet kan det oppstå varierande trykk på vassleidningsnettet i området.

Brannøvinga er viktig for lokalt brannvesen då dei opprettheld sin kompetanse og lovpålagte krav. 

På grunn av strenge nasjonale smittevernsreglar oppmodar vi folk til å ikkje oppsøkje øvinga. 

Har du spørsmål til øvinga kan du ta kontakt med: 

  • Leiar beredskap Nissedal brannvesen
    Arnt Olav Storkås – mobil 971 24 517
  • Brannsjef Nissedal brannvesen
    Kristin Kyrkjerud Vaa – mobil 905 39 498

 

Med helsing

Nissedal brannvesen