Bustadtilskott til utbetring/tilpassing
-
Generelt om tjenesten
Tenesteomtale
Det finst både låne- og tilskotsordningar som kan gjere det mogeleg å finansiere tilpassing av bustaden din.
Du kan for eksempel trengje å tilpasse inngangen slik at den passar for rullestol, eller du trengjer å byggje om større delar av bustaden din. Kommunen kan hjelpe til med å finne fram til dei høva som passar for deg.Målgruppe
- Personar med funksjonsnedsetjing.
- Eldre som ønskjer å utføre førebyggjande tilpassingstiltak.
Kriterium/vilkår
Økonomien din vil ha tyding for om du kan få tilskot til tilpassing av bustad.
Samarbeidspartnarar
Husbanken
-
Lover og forskrifter
-
Skjema
Rettleiing - korleis få utført
Tilskot til tilpassing blir søkt i den kommunen du bur i. Kommunen kan hjelpe deg å fylle ut søknaden.
Ordninga er finansiert av midlar frå Husbanken, og tilskot vert kun gjeve innanfor ramma av motteke midlar kvart år.
Skjema
Søknad om startlån, tilskot til etablering og tilpassing
Vedlegg
Vedlegga går fram av punkt 8 i søknadsskjemaet.
Søknadsfrist
Søknadsfrist vert kunngjort i Vest-Telemark blad og på kommunen si heimeside.
Søknaden sendes til
NAV Nissedal
Postboks 14
3855 Treungen -
Saksbehandling
Saksbehandlingstid
Kommunen har plikt til å behandle saka så snart som mogeleg. Dersom ein ikkje kan gjere eit vedtak i saka innan éin månad, skal du ha skriftleg svar om årsaka til dette, med opplysningar om når du kan vente at det vil bli gjort eit vedtak.
Klagemulighet
Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage innan ein frist på tre veker frå du fekk det. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner vedtaket bør endrast. Grunngje dette eventuelt med nye opplysningar. Klagenemnda i kommunen er klageinstans.
Formannskapet er klagenemd.
Merknader
-
Andre opplysningar