Fordelane med eDialog er fleire:

  • Du sender informasjon gjennom ein sikker kanal
  • Det gir ein sikker identifikasjon av avsendar
  • Innsendt informasjon blir sendt rett i sak/arkivsystemet

Vi anbefalar deg difor å bruke eDialog ved sending av dokument til kommunen, også når innhaldet ikkje er sensitivt.
E-post kan fortsatt nyttast for enkle spørsmål.

For å bruke tenesta, må du logge på/autentisere deg ved hjelp av ID-porten.

Her finn du eDialog

Du skal ikkje nytte edialog:

Når vi har elektroniske skjema som passar til formålet, for eksempel søknad om plass i barnehage, sfo, kulturskule, søknad på stilling osv.