Eigedomsskatt - krav om omtaksering av eigedom
-
Generelt om tjenesten
Tenesteomtale
Å krevje omtaksering av ein eigedom vil seie at du i perioden mellom to alminnelege takseringar (som skjer kvart tiande år) ber om at eigedommen blir taksert på nytt, eller kommunen gjer dette på eige initiativ. Skattetaksten er den verdien huset/eigedommen er sett til, og som dannar grunnlaget for utrekninga av eigedomsskatt. Skattetaksten skal setjast til den alminnelege omsetningsverdien for eigedommen.
Det er dei politiske organa i kommunen som avgjer om det skal innførast eigedomsskatt.
Målgruppe
Eigarar og brukarar av eigedommar som er pålagt eigedomsskatt.
Kriterium/vilkår
Omtaksering skal skje dersom
- det har skjedd ei deling av eigedommen
- bygningar på eigedommen har brunne
- bygningar er blitt rivne eller liknande
- det er ført opp nye bygningar på eigedommen, eksisterande bygningar er bygd på eller det er gjort andre oppgraderingar av bygningsmassa på eigedommen.
Pris for tenesta
Når skatteytaren krev omtaksering, skal skattytaren dekkje kostnadene.
Brosjyrer, dokumenter, kart og lignende
-
Lover og forskrifter
-
Skjema
Rettleiing - korleis få utført
Kravet om omtaksering skal vere skriftleg og leverast til eigedomsskattekontoret.
Søknadsfrist
Innan 1. november året før skatteåret
-
Saksbehandling
Klagemulighet
Du kan klage (krevje overtakst) på ei omtaksering. Sjå eigen tenesteomtale av overtakst.
-
Kontaktinformasjon
Kontaktavdeling
Avdeling: Fellestenesta Telefon: 35048400 Epost: postmottak@nissedal.kommune.no Postadresse: Nissedal kommune, Treungvegen 398, 3855 Treungen Kontaktpersoner
Navn: Jarle Bruun Olsen Tittel: Kommunalsjef Telefon: 35048403 Mobil: 90515115 Epost: jarle.olsen@nissedal.kommune.no -
Andre opplysningar
- Oppdatert:
- 2022-02-01 10:14
- Gyldig fra
- 2015-01-05
- Gyldig til
- 2022-12-31