Det er Lov om eigedomsskatt til kommunane som fastset regelverket om eigedomsskatt. Lova seier at eigedomen sin takstverdi skal setjast til det beløp ein må gå ut frå at eigedomen etter si innretning, brukseigenskap og lokalisering kan bli avhenda for under vanlege salstilhøve ved fritt sal.

Eigedomsskattelova finn du på lovdata.no eller på link under:

https://lovdata.no/dokument/NL/lov/1975-06-06-29?q=eigedomsskatt

Den alminnelege eigedomsskatten for 2021 er 7 promille.

For bustader/fritidsbustader er eigedomsskattesatsen 2,86 promille.

I eigedomsskattelova er det obligatorisk reduksjonsfaktor av takste på bustader/fritidsbustader på 30 prosent. Eigedomsskattelova seier og at eigedomsskatt under kr 300 for ein eigedom ikkje vert kravd inn.

Kommunestyret vedtek kvart år eit utskrivingsvedtak om eigedomsskatt. I Nissedal er det ikkje gjort vedtak om bruk av botnfrådrag.

Takstvedtekter for Nissedal kommune gjer greie for det generelle regelverket kring eigedomsskatt i Nissedal.

Her kan du laste ned takstvedtektene (pdf)

Takseringsreglane gjer greie for korleis sjølve takseringa vert gjennomført.

Her kan du laste ned rammer og retningsliner (pdf)

Utrekning av takst bygger ulike objektive kriterie som t.d. areal. I tillegg blir det gjort ei skjønnsvurdering av tilstand til kvart bygg. Prinsipp for å berekne areal, utover det som går fram av «Rammer og retningsliner for eigedomskatt» går fram av skriv under:

Her kan du sjå korleis areal blir berekna (pdf)

Eigedomsskattelister

Eigedomsskattelistene leggas ut til offentleg ettersyn  innan 1. mars kvart år. Listene er offentlege i minst tre veker. Dersom det ikkje er gjort større endringar av eigedomen (som påbygg, tilkopling av vatn/kloakk/straum, fri kjøp av leigetomt m.m.) vil taksten vere uendra i høve til fjoråret.

Klage på eigedomsskattegrunnlag

Klagefristen er seks veker etter at eigedomsskattelistene er lagt ut.  Du kan klage både på  gjeldande og eventuell ny/endra eigedomsskattetakst. 

Betaling av eigedomsskatt

Det er grunneigar/fester som er ansvarleg for betaling av eigedomsskatten. Eigedomsskatten vert fakturert saman med dei øvrige kommunale gebyra. Du kan velje mellom 1, 4 og 12 terminar i året.

Kontaktinformasjon 

Ved klage, spørsmål eller innspel om eigedomsskatt kan eigedomsskattekontoret kontaktast på følgjande måte:

Post: Nissedal kommune, Treungvegen 398, 3855 Treungen, postmottak@nissedal.kommune.no

Telefon: 35048403 (Kommunalsjef økonomi Jarle Bruun Olsen)