Norske myndigheiter tilrår at flest mogleg er førebudde på å klare seg sjølve i éi veke. I brosjyren får du konkrete råd om kva du kan gjere. Vi oppfordrar alle til å lese brosjyren og styrke eigenberedskapen sin!
Om eigenberedskapsråda
Hensikten med eigenberedskapsråda er at du skal vere i stand til å dekke dei mest grunnleggande behova i ein krisesituasjon: Varme, ljos, drikke, mat, legemiddel, fyrstehjelp, hygiene og informasjon.
Eigenberedskapsåda er oppdaterte i 2024. Bakgrunnen for oppdateringa er ein forverra tryggleikspolitisk situasjon i Europa. Andre viktige drivkrefter er klimaendringar som fører til meir ekstremvêr, og samfunnet sin avhengigheit av straum, vatn og mobilnett.
Er du førebudd?
Korleis vil du og dine næraste klare dykk dersom straumen blir vekk i ein lengre periode? Kva gjer du dersom vatnet forsvinn? Kva om du ikkje får handla på ei veke? Straumbrot kan gjere at det ikkje kjem vatn i springen, og føre til at kloakksystem, medisinsk utstyr, lading av elbil, betalingsløysingar, internett, mobiltelefon, radio, kjøleskåp og utstyr til matlaging ikkje fungerer som normalt. Eigenberedskap handlar om å vere førebudd på slike situasjonar.
Styrk eigenberedskapen din!
God eigenberedskap er ei investering i tryggleik for deg og dine næraste. I tillegg bidrar du til at styresmaktene kan prioritere dei som treng mest hjelp.
Ved å vere førebudd for éi veke blir du betre i stand til å handtere alt ifrå små forstyrringar i kvardagen til større kriser. For ikkje å snakke om at du får betre tid på deg til å planlegge vegen vidare dersom krisa skulle bli langvarig.
Litt førebuing er betre enn ingen!
På sikkerhverdag.no kan du lese meir om og teste eigenberedskapen din.