Me ser etter ein tydeleg og engasjert einingsleiar som brenn for gode omsorgs- og helsetenester.

Eining for velferd har ansvar for tenesteområda legetenester, psykiske helsetenester, helsestasjon, jordmor, fysioterapeut, institusjonstenester, heimbaserte tenester, tenestekontor og tenesta for funksjonshemma.

I eininga er det totalt 74 årsverk fordelt på 129 tilsette. I tillegg kjem vikarar. Kostnadsramma for eininga er om lag 50,8 mill.

Eit utdrag av eininga sine mål:

  • Ha fokus på leiarutvikling og struktur
  • Arbeide for heiltidskultur og redusere uønskja deltid
  • Få ei fellesskapskjensle i eininga som mogleggjer meir samarbeid på tvers av avdelingane

Arbeidsområde:

  • Økonomi-, personal- og fagansvar for eininga
  • Næraste overordna til fire avdelingsleiarar
  • Sakshandsaming til politisk nivå innan eininga sitt ansvarsområde
  • Ansvar for kommunen sitt Tenestekontor
  • Aktivt arbeid for eit godt tverrfagleg arbeid i kommunen

Kvalifikasjonskrav/-ønskjer:

  •  Relevant utdanning frå universitet/høgskule
  •  Leiarutdanning og –erfaring
  •  Relevant realkompetanse
  •  Gode evner til å motivere medarbeidarar, samarbeide og vere resultatorientert
  •  Vere strukturert og sjølvstendig og ha god relasjons- og prosesskompetanse
  •  God skriftleg framstillingsevne
  •  Evne til nytenking, fleksibilitet og ynske om å ta utfordringar

Om deg:

  • Du har store forventingar til deg sjølv og dei du skal leie
  • Du er sjølvstendig, målretta og strukturert
  • Du tek ansvar og set deg inn i nye fagområde
  • Du er positiv, engasjert, fleksibel og har godt humør og evne til å inspirere andre.
  • Du kjenner deg heime i Nissedal kommune sine levereglar som seier at me skal vere
    • Rause
    • Tydelege
    • Opne og ærlege
    • Oppgåveorienterte
    • Imøtekomande og blide
    • Stolte av arbeidsplassen og arbeidet vi utfører
    • Samarbeidsviljuge og syne kvarandre respekt og omtanke

Vi kan tilby:

  • Tilsetjingsvilkår etter gjeldande lov, tariffavtale og kommunen sine reglement
  • Hjelp til å skaffe bustad
  • Flyttegodtgjersle etter eige regulativ

Ved tilsetjing blir det stilt krav om politiattest. Me gjer merksam på at namn på søkjarar kan bli offentleggjort i høve til offentleglova §25.

Søknad på elektronisk søknadsskjema – ID 2022/1736

Søknadsfrist: 01.12.2022