Nissedal kommune søker ny operatør til å drifte Fjoneferja frå og med 15. oktober 2023. Fjoneferja bind saman fv. 3380 mellom Fjone og Nissedal.

Det er per i dag heilårsdrift av ferja, og eigedomen Fjonesundet kan om ynskeleg leigast gunstig av ny driftsoperatør.

Krav til operatør:

•Kvar skipsførar må dokumentere gjennomføring av læreplan som tilsvarar fritidsbåtskippersertifikat (med fråtrekk av 56 timar om navigasjon) frå institusjon godkjend av Sjøfartsdirektoratet.

•Kvar skipsførar må ha gyldig helseerklæring jfr. § 30 i Kvalifikasjonsforskrifta.

•Kvar skipsførar må ha gjennomført og greidd avgrensa tryggingskurs jfr. § 8 2. ledd i Kvalifikasjonsforskrifta.

Driftsoperatør får kvart år eit tilskot (per i dag kr 150 000) frå Nissedal kommune pluss alle inntekter frå sal av billettar (om lag 19 500 personar og knapt 10 000 køyretøy/einingar i 2022).

Driftsoperatør kostar drivstoff, fortløpande vedlikehald og personale inkludera sertifisering av dette, medan kommunen har det overordna ansvaret for inspeksjonar og større vedlikehald.

For spørsmål og meir informasjon, kontakt avdelingsleiar teknisk Knut Nilsen på mobil 932 31 837.
Søknad om å ta over som driftsoperatør må sendast på e-post til postmottak@nissedal.kommune.no innan 15. juni 2023.