Kva er ein ergoterapeut?
Ergoterapeuten er ekspert på aktivitet og deltaking, og arbeidar for at alle skal kunne delta aktivt i samfunnet uavhengig av funksjonsevne. Ergoterapeuten fremmar deltaking og inkludering med sin kompetanse på samspelet mellom person, aktivitet og omgivnadar. Tenesta kartlegg personen sine ynskjer og moglegheitar for aktivitet og deltaking. Deretter støttar ergoterapeuten personen si meistring med motivasjon og trening av konkrete aktivitetar i leik, læring, arbeid og kvardagsliv. Ergoterapeuten bidrar til løysingar når det oppstår eit gap mellom individets forutsetningar og samfunnets krav.
Tenesta er meir oppteken av løysingar enn av problem, og søkjer etter dine ressursar og interesser etter kva som er viktig for deg.
Me jobbar innan barnehage, skule, arbeidsplass, heimen, omsorgsbustader og institusjonar.
Kartlegg og tilrettelegg bustad
- Vurderer fysisk og kognitiv funksjon opp mot fysiske hindringar
- Tilpassar omgivnadane med tekniske hjelpemiddel (til dømes rullator) og velferdsteknologi for å fremme sjølstendighet, aktivitet og deltakelse
- Søknadar til NAV om bustads tilpassing, eventuelt tilskot for varige løysningar
- Kjem med forslag til løysningar for utforming av bustaden innandørs og utandørs
Koordinering av hjelpemiddel
- Vurdere behovet
- søkjer via NAV,
- tilpassar hjelpemiddela og har oppfylging som kan bidra til å betre funksjon eller kompensere for tapt funksjon både fysisk og kognitiv. Hensikten er at daglege aktivitetar kan lettare utførast.
- Leverar ut hjelpemiddel frå kommunalt lager dersom behovet er midlertidig
Kartlegg og iverksett tiltak på funksjonsnivå
- Kartlegg funksjonsnivå og identifiserar personlege behov gjennom observasjon av kvardagslege aktivitetar, samtaler, testar og undersøkingar.
- Tilrettelegging av aktivitetar (til dømes lage mat) ved å forenkle eller tilpasse måten den blir utført på.
- Trening/opptrening av fysisk funksjon, både fin- og grovmotorikk.
- Trening av kognitiv funksjon
Tilbod for barn og unge
- Gje ein funksjonsvurdering av barnets moglegheit til å utføre og utvikle daglege aktivitetar og delta i leik.
- Rettleie og gje informasjon om trening, stimulering og tilrettelegging for utvikling, og meistring i å utføre og delta i daglege aktivitetar i heim, barnehage, skule og fritid.
- Sørge for trening av ferdigheitar gjennom leik, læring og daglege aktivitetar.
- Aktivitetstilpassing; legge til rette for passande krav mellom aktivitet og kvile. Sette krav til utfordring og meistring ut i frå den enkeltes forutsetning, utforme aktivitetsplan og finne fram til alternative måtar å utføre aktivitetar på.
- Øve på å vere sjølvstendig ved personlig stell, påkledning og måltid.
- Rettleie om korleis bustaden og/eller andre arenaer bornet ferdas på kan tilpassas og gjera funksjonell.
- Bistå med å vurdere behov for tekniske hjelpemiddel, søknad og opplæring.
Tilbod for vaksne (over 18 år)
- Funksjonsvurdering og kartlegging av korleis enkeltindividet utfører sine daglege aktivitetar og ynskjer for framtida.
- Rettleie og gje informasjon om trening, stimulering og tilrettelegging for utvikling, og meistring i å utføre og delta i daglege aktivitetar i heimen, på jobb og på fritida.
- Aktivitetstilpassing: legge til rette for passande krav mellom aktivitet og kvile. Sette krav til utfordring og meistring ut i frå den enkeltes forutsetningar, utforme aktivitetsplan og finne fram til alternative måtar å utføre aktivitetar på.
- Rettleie om korleis bustaden og/eller andre arenaer personen ferdas på kan tilpassas og gjera funksjonell.
- Bistå med å vurdere behov for tekniske hjelpemiddel, søknad og opplæring.