Terminar
Vatn, kloakk, feiing/tilsyn og eigedomsskatt blir hovudsakleg fakturert i fire terminar per år, men me kan i tillegg tilby faktuering i ein eller tolv terminar.
Termin | Forfall |
---|---|
1: 01.01 - 31.03 | 20.03 |
2: 01.04 - 30.06 | 20.06 |
3: 01.07 - 30.09 | 20.09 |
4. 01.10 - 31.12 | 20.12 |
E-faktura
Med E-faktura blir rekningane sendt til nettbanken din. Einaste du treng å gjere er å godkjenne rekninga. KID-nummer, kontonummer og beløp er ferdig utfylt.
Ynskjer du å opprette E-faktura brukar du e-fakturareferansen som du finn øvst til høgre på rekninga di.
Avtalegiro
Med avtalegiro slepp du å registrere betalinga, og beløpet blir trekt automatisk frå kontoen din ved forfallsdato.
Me tilbyr avtalegiro på fakturaer som gjentek seg, slik som for eksempel barnehage, husleige, omsorgstenester og kommunale avgifter.
Oppgjør, adresseendring og tinglysing
Ved sal av bustad/ hytte må kjøpar og selgar gjere opp seg i mellom.
Flyttar du, så må du melde flytting til Folkeregisteret. Kommunen hentar adressene frå Folkeregisteret.
Heimelsovergangar må tinglysast.
Bankkontonummer
- Mottatt faktura - bruk kontonummer: 2801.13.80397
- Skatt (ikkje eigedomsskatt) - bruk kontonummer: 6345.06.08302
- For anna innbetaling - bruk kontonummer: 2714.07.00016