Hopp til toppmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Familievernkontor

  • Generelt om tjenesten

    Tenesteomtale

    Familievernkontoret gjev deg eller dykk tilbod om behandling og rådgjeving når det er vanskar eller kriser i familien. Du kan ta direkte kontakt med eit familievernkontor, og alle dei tilsette har teieplikt. Samtaleterapi for par og familiar er det vanlegaste tilbodet. Familievernkontoret tilbyr òg kurs og gruppeopplegg om aktuelle familie- og samlivstema. Familievernkontoret utfører obligatorisk mekling 

    • ved samlivsbrot for ektepar eller sambuarar med barn under 16 år
    • når foreldre som ikkje bur saman, ønskjer rettssak om foreldreansvar, bustaden til barnet/borna eller samvær

    Det er familievernkontor i alle fylka. 

    Pris for tenesta

    Tilbodet er gratis.

    Brosjyrer, dokumenter, kart og lignende


    Her finn du informasjon om familievernkontoret som Nissedal kommune høyrer til:

    Familievernkontoret i Øvre Telemark

    Samarbeidspartnarar

    Familievernkontoret samarbeider med helsestasjonane i sitt distrikt, særleg om fødselsførebuande kurs og kurs for nybakte foreldre. Der det er aktuelt og når familien sjølv gjev samtykke til det, samarbeider familievernkontoret med det kommunale barnevernet for å finne gode tiltak for heile familien. Familievernkontoret samarbeider òg med skolar, sosialkontor, frivillige organisasjonar, kyrkjelydar og liknande.

    aaa
  • Lover og forskrifter

    Dette er ei lovpålagt oppgave. Sjå spesielt familievernkontorloven. Sjå også barnelova § 51 Kven skal møte til mekling og ekteskapslova § 26 Mekling mv. 

    Lover

    Barnelova
    Ekteskapsloven
    Familievernkontorloven

    ___
  • Skjema
  • Saksbehandling
  • Andre opplysningar
    Oppdatert:
    2017-02-09 12:21
    Gyldig fra
    2016-03-18
    Gyldig til
    2017-12-31