Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Status 25.05.20:

Ingen bekrefta smitta per i dag.

Les meir her

Fysioterapi

  • Generelt om tjenesten

    Tenesteomtale

    Fysioterapi kan bli gjeve både for å forebyggje og for å behandle sjukdom eller skade. I den kommunale fysioterapitenesta er fysioterapeuten anten tilsett av kommunen eller har ein driftsavtale med kommunen. Du kan få behandling aleine eller i gruppe. Tenesta er ein del av kommunen sitt tverrfaglege habiliterings- og rehabiliteringstilbod, og blir òg tilbode i sjukeheim.

    Kommunefysioterapeuten dekker m.a. helsestasjon, skulehelseteneste, førebyggjande helsearbeid, heimebesøk og rehabillitering av pasientar ved Nissedal omsorgssenter.

    Kommunefysioterapeuten held til på kommunehuset i Treungen, og deler venterom med legekontoret.

    I tillegg har Nissedal kommune driftsavtale med Nisser Fysioterapi v/Herdis Gautefald,  spesialist i allmennfysioterapi, som tilbyr undersøking, behandling, rettleiing, trening av pasientar med tilvisning frå lege.
    Klinikken tilbyr variera gruppetrening, og artroseskule for hofte og kne etter nasjonalt prosjekt.

    Kontaktinformasjon
    Herdis Gautefald, mobil 917 80 707 eller e-post herdisga@hotmail.com
     

    Målgruppe

    Eldre, personar med nedsett funksjonsevne og personar som er sjuke eller skadde

    Kriterium/vilkår

    Fysioterapitenesta i kommunen eller legen din vil gjere ei undersøking og ei fagleg vurdering av behovet.

    Pris for tenesta

    Dei fleste må betale ein eigenandel når dei har time hos fysioterapeut eller manuellterapeut.
     
    For 2020 er eigenandelstaket 2176 kroner. Når det beløpet er nådd, får du automatisk eit frikort i posten.
     
    Logg inn på helsenorge.no for å sjå eigenandelane som er registrerte på deg.
     
    Nokre grupper betalar ikkje eigenandel for undersøking og behandling av fysioterapeut. Dette gjelder
    • born under 16 år
    • personar med godkjent yrkesskade (gjeld også soldatar i førstegangsteneste i Forsvaret)

    Du treng ikkje tilvising til fysioterapeut for å få dekt utgifter til fysioterapi.

    Brosjyrer, dokumenter, kart og lignende

    aaa
  • Lover og forskrifter

    Dette er ei lovpålagd teneste. Sjå forskrift om habilitering og rehabilitering §§ 7 og 8.

    Sjå òg folketrygdloven § 5-8, pasient- og brukerrettighetsloven § 1-3 og kapittel 7 og forskrift for sykehjem § 2-1.

    Lover

    Folketrygdloven
    Pasient- og brukerrettighetsloven

    Forskrifter

    Forskrift for sykehjem

    Forskrift om funksjons- og kvalitetskrav for fysioterapeuter med kommunal driftsavtale

    Forskrift om habilitering og rehabilitering

    Forskrift om stønad til dekning av utgifter til fysioterapi m.m.

    Syketransportregisterforskriften

    ___
  • Skjema

    Rettleiing - korleis få utført

    Du kan få tenesta anten du bur heime eller på institusjon. Bur du heime og ikkje er i stand til å oppsøkje eit fysikalsk institutt, kan du få tilbod om at behandlinga skal skje i heimen.

  • Saksbehandling

    Klagemulighet

    Dersom du meiner du ikkje får nødvendig hjelp eller er misnøgd med utføringa av tenesta, kan du sende ein klage til kommunen eller direkte til tenesteytaren. Forklar kva du er misnøgd med og kva for endringar du ønskjer. 

  • Kontaktinformasjon

    Kontaktavdeling

    Avdeling:Eining for helse og habilitering
    Telefon:35048400
    Epost:postmottak@nissedal.kommune.no
    Postadresse:Nissedal kommune, Treungvegen 398, 3855 Treungen

    Kontaktpersoner

    Navn:Ane Brødsjø Voje
    Tittel:Fysioterapaut
    Telefon:35 04 84 29
    Epost:ane.voje@nissedal.kommune.no
  • Andre opplysningar
    Oppdatert:
    2019-01-04 09:22
    Gyldig fra
    2012-12-27
    Gyldig til
    2019-12-31