Fysioterapeuttenesta

Fysioterapitenesta er ein del av helsetilbodet i Nissedal kommune.

Fysioterapeutar kan både førebyggje og behandle sjukdom eller skade, og arbeider med funksjon og rørsle for å redusere kroppslege plager og fremje helse.

Tenesta er ein del av kommunen sitt tverrfaglege habiliterings- og rehabiliteringstilbod, og blir òg tilbode i sjukeheim

I Nissedal har vi to fysioterapeutar, ein kommunalt tilsett og ein med driftsavtale med kommunen.  

Kommunal fysioterapeut

Kommunefysioterapeuten dekker m.a. helsestasjon, skulehelseteneste, førebyggjande helsearbeid, heimebesøk og rehabillitering av pasientar ved Nissedal omsorgssenter.

Kommunefysioterapeuten held til på kommunehuset i Treungen, og deler venterom med legekontoret. 

Nisser Fysioterapi

Nisser Fysioterapi er ein privat klinikk med driftstilskot frå kommunen. Klinikken drivast av Herdis Gautefald, spesialist i allmennfysioterapi.

Her kan ein bl.a. få tilbod om rettleiing og trening, aleine eller i gruppe, og artroseskule for hofte og kne etter nasjonalt prosjekt.
Sjå meir info på https://www.nisserfysioterapi.no/

Korleis få time

Du kan ta direkte kontakt med fysioterapeuten for å få time. Ein treng altså ikkje henvisning frå fastlegen.

Informasjon om eigenandel og frikort finn du her