Betalingsproblem

Klarer du ikkje å betale rekningane dine og slit med å få pengane til å strekke til? Har du problem med å betale gjeld?

Ta kontakt med NAV i kommunen og avtal eit møte. Dei kan gje deg økonomisk rådgjeving og gjeldsrådgjeving. Økonomisk rådgjeving er gratis.

Dette kan du få hjelp til

  • finne ut korleis du kan redusere utgiftene
  • vurdere moglegheiter for å auke inntektene
  • sette opp eit realistisk budsjett
  • få oversikt over rettigheiter og plikter i ein gjeldssituasjon
  • forhandle og gjere avtale med kreditorane
  • skrive søknad om gjeldsordning
  • kontakte namsmannen i utleggssaker

For å best mogeleg oversikt over økonomien din og gje deg gode råd, treng vi dokumentasjon.

Dokumentasjon til første møte

  • lønsslipp og trygdeytingar dei tre siste månadene
  • sjølvmelding og skatteoppgjer
  • kopi av husleigekontrakt eller betalingsoversikt på bustadlån
  • kopi av krav om faste utgifter som forsikringar, straum, barnehage, SFO osb.
  • kopiar av ubetalte rekningar, krav frå inkassobyrå, gjeld, lån og kredittgjeld
  • utleggsbegjæring frå namsmannen, eventuelt innkalling til forliksrådet