Årets vaksine er berre for personar i risikogruppa.
Fylgjande personar inngår i risikogruppa og blir anbefala å ta influensavaksine:

  • Alle over 65 år
  • Bebuarar på sjukeheim og i omsorgsbustad.
  • Barn og vaksne med hjarte- og lungesjukdom, diabetes, lever- eller nyresvikt, nevrologisk sjukdom, svekka immunforsvar (samt deira pårørande) og svært alvorleg fedme.
  • Gravide i 2. og 3. trimester, samt gravide i 1. trimester som har kronisk sjukdom.
  • Helsepersonell med pasientkontakt

Vaksina er i år gratis for alle med frikort. For dei utan frikort er det ein eigenandel på kr. 50,-.

Ta kontakt med legekontoret på telefon for å bestille time - 35 04 84 20

Vi oppfordrer alle til å betale med bankkort. Ved kontant betaling er det ynskjeleg med eksakt beløp.

Vi minner om at personar som mistenker at dei kan vere sjuke med det nye koronaviruset eller har luftvegssymptom ikkje skal kome. Dette gjeld også personar som er i heimeisolasjon eller i karantene.