Kriseleiinga har etter ei heilskapleg vurdering, og med råd frå smittevernlegen, funne det rett at vi ikkje kan tilrå at det blir halde festivalcamp og konsertar frå 29.07 til 02.08 i Nissedal kommune.

Smittesituasjonen i landet er framleis uviss, og med eit slikt arrangement i tillegg til at kommunen allereie opplever eit stort påtrykk av tilreisande/turistar ser vi det diverre naudsynt å ikkje tillate eit slikt arrangement. Dette for å ta vare på tryggleiken på best mogleg måte.

Neste statusoppdatering kjem i august, men dersom det skjer endringar eller kjem anna viktig informasjon legg vi det fortløpande ut på heimesida.

Halvor Homme
ordførar