Oppfriskingsdose til fleire

Etter anbefaling fra FHI kan kommunen nå tilby oppfriskningsdose til fylgjande:

  • Alle over 65 år og sjukeheimspasientar
  • Aldersgruppa 18-64 år som tilhøyrer ei risikogruppe
  • Aldersgruppa 12-17 år med alvorleg grunnsjukdom
  • Gravide i 2. og 3. trimester

Det bør gå minst 4 månadar siden førre dose og 3-4 månadar sidan koronasjukdom. 

For meir info om oppfriskingsdose sjå heimesida til FHI - https://www.fhi.no/sv/vaksine/koronavaksinasjonsprogrammet/koronavaksine/#oppfriskningsdoser

Grunnvaksinering

Grunnvaksinering er fortsatt også mogleg. Generell informasjon om koronavaksinering:

  • Dose 1 = alle frå 12 år.
  • Dose 2 = alle frå 16 år (må gå 12 veker mellom dose 1 og 2 for dei i alderen 16-17 år, 3 veker for dei over 18 år).
  • Dose 3 = Alle i aldersgruppa 45 år og eldre bør ta oppfriskningsdose. Personar 18 år og eldre som tilhøyrer risikogruppene bør ta oppfriskningsdose. Alle tilsette i helse- og omsorgstenesten bør ta oppfriskningsdose. Elles friske personar 18-44 år kan få oppfriskningsdose.
  • Dose 4: Regjeringa anbefalar alle frå 75 år og oppover ei ny oppfriskningsdose frå 1. juli 2022. Dette vil for dei fleste vere ei fjerde dose koronavaksine. Dei nye anbefalingane er basert på råd frå FHI som regjeringa nyleg har mottatt.

Merk: Oppfriskningsdose kan tilbydast tidlegast 4 månadar etter siste vaksinedose. 

Merk: Tidsintervall frå tilfriskning etter gjennomgått infeksjon til ny oppfriskningsdose bør vere minimum 3 veker, men eit lengre intervall vil som regel gje ein betre immunrespons.

Informasjon om når du fekk førre dose finn du på helsenorge.no.

Sjå FHI/Hvem kan få koronavaksine? for utfyllande informasjon. 

Timebestilling

Ring Nissedal legekontor på telefon 35 04 84 00 måndag-fredag kl. 8-15 for avtale om vaksinering.