Binders har som formål at alle elevar i Nissedalsskulen skal oppleve mestring og tilhøyring på organiserte fritidsaktivitetar.
Binders vil fungere som eit bindeledd mellom dei kommunale tenestene (helse, kultur og skule), fritidsaktivitetar og heimane. Vi vil finne ut kva som skaper utanforskap på fritida og bryte ned barrierane for å delta i organiserte fritidsaktivitetar. Vi vil styrke frivilligheita og samarbeidet mellom kommunen og frivillige lag og organisasjonar.
Gjennom samskaping med barn og unge, foreldre og frivillige lag og organisasjonar lagar vi inkluderande og mangfaldige fritidstilbod for barn og unge i Nissedal.
Strevar barnet ditt med å finne sin plass på fritida? Ta kontakt med ein av oss i arbeidsgruppa i Binders, vi vil støtte barnet ditt med å finne plassen sin.
Beste helsing
- Lena Holskar Sanden (prosjektleiar)
- Anne Espelid (kultursjef)
- Marius Vøllestad (rektor)
- Runa Vee Tveit (miljøterapeut)
- Signe Marie Svalestog (psyk. helsearbeider barn og unge)
- Grzegorz Bialecki (leiar for ungdomsklubben)
- Kristin Parkinson Vågen (ungdomslos)
- Anita Haugstad Haugsjå (helsesjukepleiar)
- Ina Therese Hellesfjord (integreringskoordinator)
- Victoria Meberg Olsen (integreringskoordinator)
Her kan du laste ned oversikt over fritidstilbod for barn og unge - våren 2025 (pdf)