Helsestasjonen skal vere en trygg plass å kome til. Vi har stort fokus på hygiene og kjem til å halde avstand der det er mogeleg. Har du time vil du bli henta på utsida av legekontoret.

Gravide:
Gravide med symptom eller påvist covid-19 må ta kontakt på telefon før timen for å avklare ein eventuell endring av møtetidspunkt og vurdering med tanke på om dei skal kome inn til kontroll.
Alle gravide må kome åleine, vi beklagar det, men dette for å redusere smittefaren.
Fleire av dykk vil få telefonkonsultasjon, og du vil då få beskjed.

Alle familiar som nyleg har fått eit barn vil bli oppringt og får oppfølging på helsestasjonen.

Barn:
Helseundersøkingar som kan vente blir utsatt/avlyst inntil vidare og mange får tilbod om telefon-/ videokonsultasjon i staden for oppmøte. Kun heilt nødvendige undersøkingar blir utført i tillegg til vaksinering.

Har barn eller foreldre symptom på forkjøling, også kun lette symptom, skal du ikkje kome til timen. Ta kontakt Nissedal legekontor på telefon 35 04 84 20.

VIKTIG!

  1. Ingen i karantene pga Covid-19 skal kome.
  2. Ingen sysken skal vere med på helsestasjonen.
  3. Dersom mogeleg, kun ein vaksen fylgjer barnet.
  4. Ta med eigen leike då alle våre er fjerna.
  5. Legeundersøking er eit tilbod kun til 6-vekes barn, og barn med spesielle behov.
  6. Alle som IKKJE skal møte vil få beskjed pr sms eller vil bli ringa til. Så har du ikkje høyrt noko, skal du møte.

Råd om korona for foreldre, barn og gravide: https://helsenorge.no/koronavirus/barn-og-gravide