Du er garantert flotte naturopplevingar, samtidig som du får betre fysisk og psykisk helse. Topptur Nissedal er eit bredde og lågterskeltilbod med fokus på folkehelse, og i år finn du kasse med bok på 39 toppar rundt i heile kommunen. Turmåla har ulik grad av merking, frå god til fråverande, og ein anbefaler derfor å kjøpe turkarta Nissedal øst og vest. På facebooksida til Topptur Nissedal og kommunen si heimeside finn du enkel rettleiing på turmål. Desse sidene vil bli oppdatert fortløpande.

KONKURRANSEKRAV OG PREMIERING

  • T-skjorte som deltakarpremie til alle som klarar minst 10 toppar.
  • T-skjorte som deltakarpremie til born f. 2009 eller seinare og vaksne over 70 år som klarar minst 7 toppar
  • Kåring av årets Topptur Nissedal bilde 2020 (bruk #toppturnissedal)
  • Trekking av premiar etter endt topptursesong.

HENTING AV T-SKJORTER

  • Når du har gått 7/10 turar, kan du hente den nye topptur t-skjorta på Treungen Sport og Fritid i Treungen sentrum i opningstid.
  • Kontaktinfo Treungen sport og fritid, Arne Roar Rygh: tlf: 970 71 141

HINDRE SMITTE AV KORONAVIRUS

  • Hold avstand til andre (minst 2 meter).
  • Ikkje skriv i boka (info om alternativ løysing vil kome).
  • Gå kun turar der du er kjent og legg ikkje ut på dei lengste turane.
  • Er du sjuk/ har symptomar på luftvegsinfeksjon? Hald deg heime!

VIS OMSYN OG TA VARE PÅ NATUREN

  • Vis omsyn til dyr på beite og vis respekt for dyr og natur
  • Hugs å lukke grinder og liknande etter deg
  • Ta med søppel heim
  • Husk å bruk hundepose og ta den med deg heim
  • Bruk av eld og bål i skog og mark er forbode i perioden 15. april til 15. september
  • All ferdsel skjer på eige ansvar
  • Lat naturen vere som da du kom (dopapir, fruktrestar og anna som brytas ned i naturen bør gjøymas av stein, mose eller liknande)

BANDTVANG

Den generelle bandtvangen er frå 1. april til 20 august. I Nissedal kommune er det utvida bandtvang frå 20. august til 20. oktober. I denne tida skal alle hundar i utgangspunktet haldast i band, Bandtvang er innført på grunn av at dyrelivet er ekstra sårbart i denne tida (hekke- og yngletida). I Nissedal kommune har vi eit rikt dyreliv, og det er viktig at vi tek omsyn til dette når vi ferdast i naturen. Kommunen, saman med grunneigarlaget og skogeigarlaget, ber om at dette vert respektert og vist omsyn til.