For sesong 2023 kjem vi til å ha stort fokus på:
- Sporlaus ferdsel
- Bandtvang
- Omsyn til jakt. Dette betyr at i år vil topptursesongen vare til fuglejakta startar, det vil seie til 9. september.
Her er informasjon om korleis ein deltar i Topptur Nissedal:
Vi byr på 40 ulike toppar fordelt på heile kommunen, så du skal kunne finne turar som er nær deg, og kanskje etter kvart prøve deg på ukjente toppar fleire stader i kommunen?
Premien for deltaking når du har gått 10 ulike toppar er som vanleg betre form, og ein flunkande ny t-skjorte med nytt design for 2023.
Du kan registrere turen din på skjema som du finn i brosjyre som ligg ute i kommunens butikkar, bensinstasjon og campingplassar og skrive deg inn i bøker på toppane, eller bruke Telltur.
Sjå her for å lage deg ein brukar for registrering av toppar: https://www.telltur.no/
Vi har ein eigen konkurranse på Telltur som heiter "Topptur Nissedal" og som ligg under Friluftsrådet sør: https://www.telltur.no/friluftsrad/sor
Sporlaus ferdsel
Når du er ute, er det viktig å ta vare på naturen og mangfaldet den representerer. Difor er vi i Topptur Nissedal opptatt av sporlaus ferdsel. Sporlaus ferdsel handlar om å ikkje etterlate seg meir enn sitt eige fotavtrykk i naturen. Ta omsyn til jordsmonn, myr, planter, dyr, fisk og fugl. Hugs at dersom du etterlater deg ting som ikkje høyrer heime i naturen, kan det skade både planter, dyr og menneske. Her er nokon hugsereglar på korleis du kan ferdast sporlaust i naturen:
- Etterlat staden finare enn då du kom, ta med eige og andres søppel
- Dopapir/tørkepair: Er du på dagstur, tar du papiret med deg heim
- Brenn bål berre når det er lov, og bruk gamle bålplassar om det er. Ikkje brenn bål på svaberg.
- Ha hunden i band når det er bandtvang. Hundeposar skal alltid i restavfall
- Lat steinar ligge i fred. Ikkje bygg vardar eller flytt på steinar. Nye vardar kan villeie, og ein øydelegg urørd natur.
- Ta med deg heim alt du tok med deg på tur.