I takt med våren, ser vi også at det kan vere vanskeleg å halde særsilt dei eldre borna og ungdommen inne. Og det er ikkje rart, kven vil vel ikkje ut å blomstre og vere i lag med vennar når sola skin!

Nissedal kommune har i samband med dette ynskje om å kome med nokre råd til born, ungdom og føresette:

  • Frisk luft og fysisk aktivitet er sunt. Send gjerne ungane ut, det er betre å møtas ute enn innandørs men det er viktig å ta omsyn, vaske hender og halde avstand.
  • Born ser ut til å tåle sjukdomen koronaviruset betre enn eldre, men born kan smitte andre.
  • Sjølv om barnehagane og skulane delvis har opna opp att må vi likevel halde fast ved smittevernanbefalingane på heimebane. Det er ein fordel at borna i hovudsak er saman med dei same borna dei er i gruppe med i barnehagen eller på skulen.
  • Anbefalinga er maks 5 personar i gruppe, og då ei fast gruppe. Helst 2 meters avstand.
  • Samvær med leikekameratar bør avgrensast til få timar. For å ivareta borns behov for leik og samvær med andre born kan ein ha 1-2 faste leikevenner gjennom denne perioden. (Gjeld også ungdommar)
  • Bursdagsselskap bør bli utsett, og overnattingsbesøk bør avgrensast.
  • Ved innkjøp i butikk oppmodas det til at 1 person frå kvar husstand går inn.
  • Bakgrunnen for desse anbefalingane er at risikoen for smitte aukar med tida ein er saman og jo mindre avstanden mellom personar er.
  • Born og ungdom som er i heimeisolasjon eller karantene skal ikkje omgås born eller ungdom utanfor husstanden.

www.helsenorge.no står det mange gode råd til korleis det er med born og korona, korleis snakke med borna og korleis ein bør oppføre seg når ein er ute.

Nissedal kommune har eit godt støtteapparat for born, unge og føresette og vi oppmodar til å ta kontakt med helsesjukepleiar Anita H. Haugsjå mob. 91919123, psykiatrikoordinator Elin Fjalestad mob. 47805042 eller legekontoret på tlf 350 48420 om det er behov for bistand eller om dykk har spørsmål.

Til slutt vil vi bare legge til at vi opplever at borna og ungdommane i Nissedal kommune er flinke til å overhalde desse reglane. Det skal dei ha ros for!