Agder Energi ønskjer å informere om at vasstanden kan endre seg frå time til time. Opphald og bading skjer derfor på eige ansvar.
Nissedal kommune har ikkje informasjon om vasstanden.

Det går an å sykle inn til jettegrytene, men det kan vere noko "kronglete" å få sykkelen over bommen. 
Om du vel å gå, så kan du ta snarvegen under tømmerrenna (det er forbod mot å gå oppe i tømmerrenna), eller gå vegen rundt. Stien under tømmerrenna er ikkje godt merka, går delvis i ulendt og krevjande terreng, og er difor ikkje eigna for ungar under skulepliktig alder, folk med barnevogner osb. Bruk solid fottøy, t.d. fjellsko, solide joggesko o.l. 

Frå Dynjanfoss kraftstasjon og inn til jettegrytene er det:
- ca. 7 km med sykkel 
- ca. 2 km til fots under tømmerrenna (ta til høgre rett etter brua ved Dynjanfoss kraftstasjon).