Vasstand
Å Energi ønskjer å informere om at vasstanden kan endre seg frå time til time. Opphald og bading skjer derfor på eige ansvar.

Nissedal kommune har ikkje informasjon om vasstanden.

Parkering og veg
Det er opparbeidd ny parkeringsplass (betal med Vipps eller kontant) rett etter Dynjanfoss kraftstasjon. Vegen vidare inn til jettegrytene er privat og tidvis stengt med bom. Kommunen har ikkje oversikt over når du eventuelt kan ferdast der eller ikkje.

Du kan sykle inn til jettegrytene. Om du vel å gå, så kan du ta snarvegen under tømmerrenna (det er forbod mot å gå oppe i tømmerrenna då den er i farleg å gå i), eller gå vegen rundt.

Stien under tømmerrenna er ikkje godt merka, går delvis i ulendt og krevjande terreng, og er difor ikkje eigna for ungar under skulepliktig alder eller folk med barnevogner. Bruk solid fottøy, t.d. fjellsko, solide joggesko o.l. 

Frå Dynjanfoss kraftstasjon og inn til jettegrytene er det:
- ca. 7 km med sykkel 
- ca. 2 km til fots under tømmerrenna (ta til høgre ved parkeringa rett etter brua ved Dynjanfoss kraftstasjon).

NB! Det kan vere svært glatt på fjellet rundt jettegrytene. All ferdsel på eige ansvar!