Målgrupper:

  • Verksemder innan servering, overnatting og reiseliv.
  • Andre verksemder som er råka av restriksjonar kan også søke.
  • Stønad blir gitt til aktivitet i verksemder lokalisert i Nissedal kommune.

Tilskotet kan dekke 

  • Tilskotet er særleg meint å kompensere lokale serverings- og overnattingsverksemder for tapt omsetnad grunna dei nye smitteverntiltaka som blei innførde i desember
  • Sektorar eller verksemder som har tapa varer (kasta/øydelagd mat) grunna restriksjonar kring Covid-19-pandemien.

​Søknadsskjema

Det er utarbeida eit forenkla søknadsskjema som søkaren skal bruke. Søknadsskjemaet finn du på www.regionalforvaltning.no.

  1. Gå til nettsida, skriv «Nissedal» i søkefeltet under fana «støtteordninger».
  2. Trykk på søkeresultatet og logg inn med kode og passord.

Fyll inn:

  1. Føretakets namn og organisasjonsnummer
  2. Søknadsbeløp
  3. Eigafråsegn på om verksemda har økonomiske vanskar. 
  4. Oversikt over anna offentleg støtte (koronastøtte) verksemda/konsernet har motteke tidlegare.
  5. Dokumentasjon av kostnadar, omsetjingssvikt og tap må vere signert av rekneskapsførar.

Søknadsfrist 27.01.2022.

​Søknadane skal handsamast av formannskapet 17.02.2022.

Ein gjer merksam på at all informasjon som blir lagt inn i søknaden kan bli offentleggjort i samsvar med offentlegheitslova.​

Har du spørsmål? Kontakt næringssjef Styrk Fjærtoft - styrk.fjaertoft@nissedal.kommune.no - 402 47 000