Råd og rettleiing

For å koordinere innsatsen og raskt få oversikt over situasjonen, samarbeider Telemark Næringshage (TN) nå med næringssjefane i kommunane, andre næringshagar og våre samarbeidspartnarar.
Saman kartlegg vi korleis kvar enkelt bedrift står i denne vanskelege situasjonen og kontaktar bedrifter direkte på telefon eller e-post. De som ønsker rettleiing får det kostnadsfritt.»
 
Kontakt:

Nyttige nettsider

Regjeringa: 

Kompensasjonsordning for bedrifter: 

Ny tiltakspakke for næringslivet: Skal hjelpe landets gründere og vekstbedrifter gjennom krisen, 27.03.20.

Sjå også dei andre nasjonale tiltaka regjeringa har innført, som til dømes om dagpengar, permisjon, arbeidsgiveravgift etc.


Telemarks næringshage

Telemarks næringshage har laga ein oversikt over kompensasjonsordningar:

Telemark næringshage har laga oversikt korleis bedrifter kan handtere økonomiutfordringar:

Kompensasjonskalkulator

Regjeringa tilbyr ei kompensasjonsordning til bedrifter som lir økonomisk som følge av corona-krisa. Ordninga dekker opptil 90 % av verksemdas faste kostnader.
Finn ut kor mykje du kan få i kompensasjon.

Her finn du kalkulatoren

 

Lønnstilskot for sommarjobb

Nissedal kommune har vedteke lokal tiltakspakke i samband med Covid -19 som gjer at vi kan tilby lønnstilskot til verksemder som tilbyr sommarjobb til ungdom/studentar/flyktningar, busett i Nissedal kommune. 

Søknadsfrist 22.06.20

Retningsliner for å kunne søkje:
  • Verksemda må ha eit organisasjonsnummer og har folkeregistrert adresse i kommunen.
  • Den tilsette personen har folkeregistrert adresse i kommunen.
  • Ordninga gjeld for unge vaksne i alderen 18-30 år. 
  • Ordninga gjeld også for personar som har fullført eller er i ferd med å fullføre introduksjonsprogrammet for flyktningar.
  • Verksemda må minimum tilby tarifflønn. Tarifflønn for ein person over 18 år, utan erfaring, er pr. i dag kr. 154,26 pr. time.
  • Den tilsette må ha tilbod om 100 % stilling i minimum 2 veker, dvs. minimum 75 timar.
  • Det kan maksimalt søkjast om støtte for 300 timar, dvs. 100% stilling i 8 veker.
  • Ordninga gjeld i perioden 15. juni – 31. august 2020.
  • Tilskotet er på kr. 50,- pr. time.
  • Det er verksemda sjølv som må søkje om tilskot. Signert arbeidsavtale må leggjast ved søknaden.
 
Enkel søknad sendast til Nissedal kommune på epost: