Retningsliner

Dersom prisen ikkje blir delt ut, kan formannskapet nytte løyvinga til andre kulturelle formål.

Kulturprisen kan bli delt ut til ein eller to: 

  • Personar
  • Lag/organisasjonar/foreiningar
  • Institusjonar

som er frå, eller bur i Nissedal kommune, og som har gjort eller gjer ein kulturell innsats utover det vanlege innanfor det utvida kulturområdet.

Kvart andre år skal det bli kunngjort i distriktets aviser at framlegg til kulturpriskandidat/-ar må bli sendt til eining for kultur innan 01.09. Formannskapet er ikkje bunde av innkomne framlegg, og kan på eige initiativ take opp framlegg til kandidat/-ar til kulturprisen. Formannskapet avgjer utdeling av kulturprisen og leiaren av formannskapet overrekker prisen.

Saman med kulturprisen blir det delt ut eit diplom det det stend fylgjande: Nissedal kommune sin kulturpris, samt årstal og prisvinnaren/-ane sitt namn. Diplomet blir underteikna av ordførar og leiar av formannskapet.

Kulturprisen blir delt ut i 1994, 1996, 1998 osv.

Retningslinene er vedtekne av Hovudutvalet for kultur 27.04.93.

(Sidan hovudutvalet ikkje finst lenger, er teksten retta til formannskapet, som heretter skal avgjere kven som skal få kulturpris.)

Desse har fått kulturprisen

  • Olav Jakob Tveit - 2021
  • Nissedalskoret - 2019
  • Bjørn Dagfinn Tveit - 2017
  • Frank Lien - 2015
  • Harald Valle og Tor Valle - 2013
  • Pauline og Jon Inge Nordbø - 2010
  • Marit Røysland - 2008
  • Jørgen Solberg - 2006
  • Inger Holskar - 2004
  • Johan Trondsen og Sveinung J. Sønderland - 2002
  • Olav Fjalestad - 2000
  • Oddvar Olsen - 1998
  • Leif Arild Sanden - 1996
  • Nissedal Hornmusikk - 1994
  • Gottfred Rekkebo - 1992
  • Ikkje utdelt - 1991
  • Tordis Ufs - 1990
  • Frikyrkja kvinneforening - 1989
  • Tore Skåli - 1988
  • Kjell Åsen - 1987
  • Ivar Fjeldstad - 1986
  • Jon Fjone og Tor O. Tveit - 1985
  • Torkjell Solheim - 1984