Rask Psykisk Helsehjelp (RPH) er eit gratis tilbod. Du tek sjølv kontakt, utan tilvising frå fastlege. Det er viktig med høg grad av motivasjon, og ynske om endring for å kunne nyttiggjera seg tilbodet.

Helsehjelp frå RPH er basert på kognitiv terapi og eignar seg for deg som ynskjer å jobbe med deg sjølv. Formålet er å lære nye strategiar for å meistre utfordringar i livet. Terapien rettar seg mot problemløysing og innsikt i samanhengen mellom tankar, handlingar, kjensler og åtferd. Les meir om kognintiv terapi her. 

Hovudtilboda hos RPH er kurs og rettleia sjølvhjelp. I nokre tilfelle tilbyr me eit kortvarig samtaleforløp. 

Me har som helsepersonell plikt til å føre journal når du mottar helsehjelp.