Kva er skulen sitt ansvar?
Skulen har ansvar for at alle elevar har eit godt psykosoisal miljø. §9A
Skulen gjennomfører elevsamtalar to gonger i året. Heimesituasjonen skal vere tema i desse samtalane. Referat frå samtalane skal dokumenteras.
Skulen gjennomfører foreldresamtalar to gonger i året. Dei jobber for å etablere god relasjon til foreldra. Dei skal invitere til ein open dialog om heimeforhalda og gje beskjed om at skulen ynskjer informasjon om forhald i heimen som påverkar barnet. Alle foreldre må møte. Referat frå samtalane blir dokumenterte og arkiverte.
På foreldremøte om hausten skal skulen gje informasjon om korleis vi arbeider med barn og unge i Nissedal kommune.
Skulen skal samarbeide med andre instansar i kommunen om å utarbeide ei felles forståing og tverretatleg kompetanse på å identifisere og følgje opp barn i målgruppa.
Einingsleiar på skulen skal bidra i styringsgruppa til prosjektet.
Ansatt på skulen skal delta i arbeidsgruppa for modellkommuneprosjektet.
Kva er dei tilsette på skulen sitt ansvar?
- Alle tilsette på skulen skal vere på vakt ovanfor forhald som bør vekke bekymring. Det kan vere bekymring for barn, for foreldre eller samspelet dei i mellom.
- Ved bekymringsfulle observasjonar har alle tilsette ansvar for å:
- Konkretisere observasjonane
- Drøfte observasjonane med kollega eller leiar
- Vurdere om observasjonane gjev grunnlag for bekymring
- Ved bekymring for eit barn skal det vurderast
- Handterer vi dette i eiga eining
- Treng vi hjelp til å vurdere?
- Skal dette meldast til barnevern/ politi
- Skulen skal i samarbeid med føresette sjå på kva for tiltak dei kan sette inn for å avhjelpe ein vanskeleg situasjon. Tiltaka skal evalueras jevnleg.
- Tilsette på skulen skal i møte med barn i utsette familiar vere tilgjengelege, sjå barnet, prate med barnet, bidra til meistring og sosial utfaldelse.
- Skulen skal i møte med foreldre vere tilgjengelege, ha fokus på barnet og samarbeide med andre instansar der det er føremålsteneleg.
- Tilsette på skulen skal ha kunnskap om samarbeidande instansar. Dei skal be om samtykke og ta kontakt med samarbeidspartar dersom dei meiner at det er hensiktsmessig i forhold til å vurdere bekymring eller følgje opp nokon i familien.
- Tilsette på skulen skal delta i ansvarsgrupper og bidra til å utarbeide IP der et er aktuelt.
- Alle tilsette har lovfesta plikt til å gi opplysningar til barnevernet når det er grunn til å tru at eit barn blir mishandla i heimen eller når det ligg føre andre former for alvorleg omsorgssvikt. Opplysningsplikta går før lovbestemt teieplikt. Det inneber at teieplikta blir sett til side der vilkåra for opplysningsplikt er oppfylt.