Det er eitt sokn i Nissedal kommune og Nissedal sokneråd har ansvar for fellesrådsoppgåver og kyrkjelydens arbeid.  Vi har 2 kyrkjer, 1 kapell og 3 kyrkjegardar. I staben har vi prest, kyrkjetenar/kyrkjegardsarbeider, organist og ein felles diakon i Vest-Telemark.
Kyrkjekontoret er på kommunehuset.
Vi søkjer etter ein person som kan leie og utvikle kyrkja i Nissedal

Arbeidsoppgåver

  • Dagleg leiar for soknerådet/fellesrådet si verksemd
  • Leie, koordinere og organisere aktivitetane innanfor fellesrådet sitt arbeidsområde og leie staben
  • Personalansvar for tilsette i fellesrådet
  • Økonomisk og administrativt leiaransvar, og med plan- og budsjettansvar
  • Ansvar for tilsyn, drift og vedlikehald av kyrkjebygg, kyrkjegardar og andre kyrkjelege bygg og eigedomar
  • Sekretær og sakshandsamar for soknerådet/fellesrådet si verksemd
  • Kontakt og rapportering til offentlege styresmakter
  • Vere ein kontakt og samarbeidsperson mot kommunen og det frivillige arbeidet i heile Nissedal

Og ansvar for at

  • Dei tilsette bidreg til realisering av vedtekne mål
  • Det blir lagt til rette for eit godt arbeidsmiljø som grunnlag for dei tilsette si utvikling, arbeidsinnsats og trivsel

Kvalifikasjonar

  • Relevant høgare utdanning frå høgskule/universitet, men erfaring og det å vere eigna kan vere like viktig som formell kompetanse.
  • Kompetanse innan administrasjon
  • Personal og økonomierfaring
  • Kjennskap til kyrkja sitt arbeid
  • Gode norskkunnskapar, god skrifteleg og munnleg framføring
  • God kjennskap til IKT verktøy og sosiale media
  • Må kunne disponere eigen bil

Anna

  • Krav om medlemskap i Den norske kyrkja
  • Løn etter avtale
  • Pensjonsordning gjennom KLP

Kontaktinformasjon
Anita Haugstad Haugsjå, leiar i Nissedal sokneråd, tlf. 944 72 235
Jon Inge Nordbø, kyrkjeverje, tlf 901 61 671

Søknad
Søknadsfrist 23. oktober 2019.

Søknad kan sendast til:
Nissedal sokneråd, Treungvegen 398, 3855 Treungen eller på e-post til jon.inge.nordbo@nissedal.kommune.no.