Landbrukseigedom - deling
-
Generelt om tjenesten
Tenesteomtale
Ein eigedom som kan brukast til jord- eller skogbruk og gi grunnlag for lønnsam drift, kan ikkje delast utan samtykkje.Dette gjeld både når eit areal blir fysisk delt frå ein eigedom, og ved forpakting, tomtefeste og anna leige eller bruksrett som gjeld for meir enn 10 år.Delingsvedtaket gjeld også for eigedom som består av fleire gards- og bruksnummer, forutsett at dei utgjer ei driftseining.Målgruppe
Dei som har grunnboksheimel til landbrukseigedom eller kan dokumentere ein privatrettsleg rett til eigedommen
Kriterium/vilkår
Kommunen kan gje samtykke til deling dersom delinga legg til rette for ein tenleg og variert bruksstruktur i landbruket.
Ein skal da vurdere- om omsynet til vern av arealressursane blir sikra
- om det er ei driftsmessig god løysing
- om det kan føre til drifts- eller miljømessige ulemper for landbruket i området
Ein kan òg leggje vekt på andre omsyn dersom dei fell inn under føremålet med jordlova.
Sjølv om desse landbruksomsyna ikkje talar for deling, kan ein likevel tillate deling dersom det er naudsynt av omsyn til busetjinga i området.Pris for tenesta
Kommunen kan krevje eit gebyr for behandling av søknaden.
Brosjyrer, dokumenter, kart og lignende
-
Lover og forskrifter
Sjå spesielt jordlova § 9 Bruk av dyrka og dyrkbar jord og § 12 Deling.
Lover
Forvaltningsloven
Jordlova
Forskrifter
Forskrift om gebyr for konsesjonsbehandling m.m.
Retningslinjer
Landbrukseiendom - omdisponering og deling (rundskriv) -
Skjema
Rettleiing - korleis få utført
Du må søkje om å få dele landbrukseigedommen. Søknaden sender du til kommunen der eigedommen ligg. Gjer greie for eigedommen og plasseringa til det arealet du søkjer om å dele av.
-
Saksbehandling
Saksbehandlingstid
Kommunen skal behandle saka så raskt som råd. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg svar om grunnen til det med opplysning om når ein meiner at vedtaket blir gjort.
Klagemulighet
Du kan klage dersom du er misnøgd med vedtaket. Fristen er tre veker frå du fekk vedtaket. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner vedtaket bør endrast. Dersom du treng rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Lèt kommunen avgjerda stå, blir saka send vidare til statsforvaltaren, som avgjer om klagen skal bli teken til følgje.
-
Kontaktinformasjon
Kontaktavdeling
Avdeling: Landbrukskontoret for Kviteseid og Nissedal Telefon: 35 06 81 27 Epost: john.olav.lia@kviteseid.kommune.no -
Andre opplysningar
- Oppdatert:
- 2018-12-03 09:12
- Gyldig fra
- 2011-01-20
- Gyldig til
- 2019-06-30