Nissedal kommune har to ledige stillingar som brannkonstabel i det kommunale brannvesenet. Fast stillingsheimel er på 1,4% som inkluderer inntil 26 timar øving og kurs gjennom året.

Brannkostablar har kr 18.000 per år i fast godtgjersle for å bere radio og vere tilgjengeleg for brannvesenet. Det er pålagt vaktordning på spesielt utsette datoar.

Løn ved utrykking etter tariffløn. Overtid etter særavtale.

Obligatorisk nettbasera kurs om brannvern skal gjennomførast i prøvetida. Alle nytilsette må også gjennomføre grunnkurs for deltidspersonell i regi av Norges brannskule.

Det er sett maksimal oppmøtetid ved brannstasjon på 7 minutt.
Søkarar må ha god fysisk helse og god vandel. Søkarar må minimum ha sertifikat klasse B og disponere egen bil.

Me gjer merksam på at namn på søkjarar kan bli offentleggjort i høve til offentleglova § 25.

Spørsmål om stillinga kan rettast til:

  • Einingsleiar Kristin Kyrkjerud Vaa, mobil 905 39 498
  • Leiar beredskap Arnt Olav Storkås, mobil 971 24 517

Søknad på elektronisk søknadsskjema - ID 632

Søknadsfrist : 20.04.2021