Me har ledig 100 % fast stilling som avdelingsleiar for institusjonsbaserte tenester

Er du vår nye avdelingsleiar for institusjonsbaserte tenester ?

I eining for velferd, avdeling Nissedal omsorgssenter, har me ledig ei stilling som avdelingsleiar og me vil gjerne ha deg med på laget. Du vil få ein fin gjeng tilsette som er dedikerte, engasjerte og fagleg dyktige. 

Omsorgssenteret har 12 langtidsplassar, fordelt på skjerma og somatisk avdeling med om lag 13 årsverk. I tillegg vil du få ansvaret for kjøkkenet med 2,2 årsverk og nattevaktene. 

Me søker deg som likar å jobbe i institusjon, likar å sørge for gode dagar til våre bebuarar og er klar for å vere med på å utvikle tenestene i Nissedal kommune. Eininga har mykje spennande på gang innan fag og kompetanseutvikling, så du vil ha mogeligheiter for å utvikle deg både fagleg og personleg. 

Du vil inngå i leiargruppa til Velferd saman med einingsleiar, avdelingsleiar for heimebaserte tenester, avdelingsleiar for habillitering og avdelingsleiar for helse. 

Me håper akkurat DU søker hjå oss

Kvalifikasjonar:

  • autorisert sjukepleiar
  • ønskeleg med utdanning innan leiing eller relevant leiarerfaring
  • det leggast stor vekt på om du er personleg eigna
  • ønskeleg med erfaring frå pleie og omsorg
  • gode kommunikasjonsevner og relasjonskompetanse 
  • fleksibel og løysningsorientert
  • sjølvstendig samtidig som du har gode samarbeidsevner
  • respekt, forståing og empati for bebuarar, pårørande, tilsette og kollegaer
  • høg arbeidsmoral
  • nytenkande og medansvarleg til å utvikle og bevare gode tenester og arbeidsmiljø

Arbeidsoppgåver og ansvar:

  • ansvar for dagleg drift og utvikling av sjukeheimen og kjøkkenet
  • ansvar for organisering av fag, personal og budsjett i avdelinga
  • ansvar for tilsetting
  • utvikle avdelinga i tråd med prinsipp for ein lærande organisasjon, fremme nytenking og motivasjon 
  • ansvar for kvalitet og HMS på avdelinga
  • sørge for aktivitetstilbod og fokus på eit godt liv for bebuarane

Me tilbyr:

  • eit godt arbeidsmiljø
  • stadleg og synleg leiing som saman med tilsette finn gode løysingar saman
  • mogelegheit for kompetansehevande tiltak gjennom relevant vidareutdanning og intern kompetanseheving

For stillinga gjeld: 

  • Tilsettingsvilkår i fylgje gjeldande lov, tariffavtale og kommunen sitt reglement. 
  • Å vere personleg eigna vert lagt til grunn ved alle tilsettingar. 
  • For stillinga gjeld vanlege løns- og pensjonsvilkår. 
  • Ved tilsetting blir det stilt krav om politiattest. 

Me gjer merksam på at namn på søkjarar kan bli offentleggjort i høve til offentleglova § 25.

Kopi av vitnemål og attestar skal leverast i samband med intervjuet

Send søknad på elektronisk søknadsskjema – Id 2023/1313

Søknadsfrist: 01.12.2023