På institusjon ved Nissedal omsorgssenter er det ledig 80-100% fast stilling som helsefagarbeidar. Id 2023/344.

Me søkjer etter ein dyktig og motivert helsefagarbeider som er oppteken av gode helsetenester.

Nissedal omsorgssenter, institusjon, har seks plassar som er tilrettelagt for personar med demens og seks plassar for somatisk sjuke pasientar.

Institusjonen er organisert i to avdelingar med bemanning to på dag og to på kveld i kvar avdeling, og høyrer til eining for velferd.

Det kan opne seg behov for bistand i heimesjukepleia, og difor stiller me krav om førarkort klasse B.

Stillinga inneber dag- og kveldsvaktar samt arbeid kvar 3. helg.

Me skal gjere forsøk på turnusar med 4. kvar helg og langvakter i løpet av 2023. Me vil og sjå på andre kreative turnusar, som kan gjere det attraktivt å jobbe på omsorgssenteret.

Kvalifikasjonar:

  • Autorisert helsefagarbeider eller hjelpepleiar
  • Gode kommunikasjonsevner og norskkunnskapar
  • Førarkort klasse B

Personlege eigenskapar

  • Du må like å arbeide med eldre menneske
  • Du må ha engasjement for personar med kognitiv svikt og demens
  • Du er ein god lagspelar og kollega som bidreg til eit godt arbeidsmiljø

Personlege eignaheit vil bli lagt vekk på.

Me tilbyr

  • Tilsetjingsvilkår etter gjeldande lov, tariffavtale og kommunen sitt reglement
  • Godt arbeidsmiljø
  • Rom for fagleg utvikling
  • Varierte arbeidsoppgåver
  • God opplæring

Anna:

  • Ved tilsetjing blir det stilt krav om politiattest
  • Me gjer merksam på at namn på søkjarar kan bli offentleggjort i høve til offentleglova § 25
  • Kopi av vitnemål og attestar skal leverast i samband med intervjuet

Nærare opplysningar om stillinga får du ved å kontakte Lena Haugsjå på tlf. 35 04 84 55.

Send søknad på elektronisk søknadsskjema

Søknadsfrist: 29.08.2023