I eining for velferd, Nissedal omsorgssenter, er det ledig eit 60-80% vikariat som faglært kokk. Stillinga er ledig frå 01.05.23-31.12.23. Id 2023/343

Nissedal omsorgssenter søkjer etter ein dyktig faglært kokk som skal arbeide med å utvikle gode og næringsrike måltidsopplevingar til glede for bebuarar, og heimebuande som får middagslevering.
 
Kjøkkenet lagar mat til 15 institusjonsbebuarar, og leverar middag til 10-15 heimebuande tre dagar i veka. 
 
Det er to tilsette på jobb dei fleste vekedagar og ein tilsett i helgene. 
 
Kjøkkenet har eit nært samarbeid med pleieavdelingane i forhold til å lage tilpassa mat og etterkome ynskje. 
 
Ein ser på Kok – kjøl system for å gjere kjøkkenet mindre sårbart i feriar o.l. samt at det gjer ein moglegheit for å redusere helge/heilagdagsarbeid på sikt. 
 
Kjøkkenet står også overfor ei stor ombygging, og omsorgssenteret har starta ein kafé for pasientar, pårørande og andre. Eit tilbod som er under utvikling. 
 
Stillinga inneber dagarbeid i vekene og dagarbeid i turnus kvar 3.helg, der du jobbar sjølvstendig. 

Kvalifikasjonar:    
  • Institusjonskokk, eller anna relevant utdanning som kokk
  • Personar med anna relevant kompetanse/praksis kan og søkje
Personlege eigenskapar:
  • Oppteken av god og bra mat i eldreomsorga
  • Sjølvstendig
  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • Positiv og fleksibel
  • Kreativ og engasjert
  • Serviceinnstilt
Personleg eignaheit vil bli lagt vekt på. 
 
Anna: 
  • Tilsetjingsvilkår etter gjeldande lov, tariffavtale og kommunen sitt reglement
  • Ved interne tilsetjingar kan andre stillingar bli ledige
  • Ved tilsetjing blir det stilt krav om politiattest
  • Me gjer merksam på at namn på søkjarar kan bli offentleggjort i høve til offentleglova § 25
  • Kopi av vitnemål og attestar skal leverast i samband med intervjuet
Nærare opplysningar om stillinga får du ved å kontakte Lena Haugsjå på tlf. 35 04 84 55.
 
 
Søknadsfrist – 29.03.2023